Filtrering etter: Hendingar
Kaffismaking med noregsmeister i kafficupping: André Brand
sep.
20.
8:00 p.m.20:00

Kaffismaking med noregsmeister i kafficupping: André Brand

Fredag 20.September er vi så heldige at vi får besøk av nykåra noregsmeister i kaffismaking -André Brandt! André jobbar til dagleg hjå kaffihuset Solberg og Hansen i Oslo, og vart i mars kåra vinnar av Norwegian Cup Tasters Champion i 2024. André kjem til Lauget under årets Matamål og er klar for å dele sine kaffismake-skills med oss.

Vis arrangement →

Strikk, spikk og drikk
feb.
10.
8:00 p.m.20:00

Strikk, spikk og drikk

På fredag 10.02 køyrer vi på med Strikk, spikk og drikk på kvelden, og held ope til 23. Vi er klare med full betjening, so vi håpar at DU og din venegjeng kjem til oss for ein triveleg kveld. Ta med deg handarbeidet om du vil.

PS! Alle handarbeid er velkomne, so lenge ein ryddar opp etter seg sjølv ;)

Vis arrangement →
Vinyl og noko attåt - Damenes aften
okt.
8.
8:00 p.m.20:00

Vinyl og noko attåt - Damenes aften

Ny månad, nesten, og ny plateprat."Ola Tarjei og Vegard har på nytt bladd i hyllene, og er klar for å presentere god musikk og tilhøyrande historiar til folket.

Denne fredagen blir det "Damenes Aften", og kva det vil sei finn du enklast ut ved å møte opp.

Nytt for anledninga er at karane tek med seg og sel ut litt av overskotslageret med plater før arrangementet startar, so det er berre å komme og bla mellom 19 og 20. Vipps er å anbefale."

Start 20.00 Billett 50,- Kjøpast på TicketCo eller på Lauget

https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/vinyl_og_noko_attaat__damenes_aften

Vis arrangement →
Ølsmaking med Thomas Hovlandsvåg
sep.
24.
8:00 p.m.20:00

Ølsmaking med Thomas Hovlandsvåg

Høve matamåt får vi besøk av Thomas Hovlandsvåg, som tek med seg eit utvalg lokale øltypar.

Det vil bli ein kveld med god drikke, og ein fin moglegheit for å finne nye favorittar.

Pris: 300,- og billettar kan kjøpast via Ticketco og på Lauget, innan 23.59, 22. september

https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/oelsmaking_med_thomas_hovlandsvaag

Vis arrangement →
Vinyl og noko attåt
apr.
23.
8:00 p.m.20:00

Vinyl og noko attåt

Ola Tarjei Kroken og Vegard Hjartholm dukkar ned i sine platesamlingar og serverar musikk, funfacts og anekdotar i skjønn forening. Sjølv om begge to har eit bein trygt planta i rocken, so kan det forventast klassikarar, raritetar og ymse anna frå varierande sjangerar.

Kveldens tema er 1984, og kva det kan resultere i får tida vise. Blir det relatert til året, boka eller heilt andre ting? Den som kjem får høyre.

Gratis inngong.

Vis arrangement →
Fotball og fellesskap
okt.
15.
8:00 p.m.20:00

Fotball og fellesskap

  • 9 Sørstrandsvegen Sandane, Vestland, 6823 Norway (kart)
  • Google Calendar ICS

«Utover menneskelege primærbehov er det ingenting eg deler med fleire enn kjærleiken til fotballen» skriv forfattar og journalist Nils Henrik Smith i boka "11 meter – Straffesparkets historie". Fotballen gjev ei kjensle av fellesskap, eit fellesskap som brått vart rive vekk då koronaviruset spreidde seg. Fotballen spelar ei viktig rolle verda over, frå små lokalsamfunn til store byar og nasjonar. Denne kvelden møter vi Nils Henrik Smith og Finn Tokvam i ein samtale om fotball og fellesskap. Vi kjem heller ikkje utanom straffesparka, dei avgjerande augneblinka då fellesskapet vert oppløyst og fotballspelaren står der uendeleg einsam:

Nervepirrande, dramatiske, kontroversielle – straffespark har ein heilt særmerkt plass i fotballfolk sine hjarta. Meir enn tjue år etter at det hendte, kan alle nordmenn stadig hugse kor dei var då Kjetil Rekdal scora på straffe mot Brasil.

I boka « 11 meter - Straffesparkets historie» tek den kritikarroste forfattaren Nils Henrik Smith lesaren med på ei høgst original og forunderleg reise gjennom straffesparkets brokete historie, frå den irske landsbygda på 1800-talet fram til dagens straffekonkurransar og VAR-kontroversar. Her er innsiktsfulle skildringar av legendariske skyttarar og målvakter.

Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2007 for romanen Manhattan Skyline og har vore kåra til ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet. Han er fast skribent i Josimar og har tidlegare skrive om norsk forball for NRK.

Finn Tokvam er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Finn Tokvam har ei særeige evne til å kombinere god journalistikk med humor, noko han gjer i stort monn i radioprogrammet P.I.L.S på NRK. Han har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.

Dei to forfattarane samtalar om fotball og fellesskap på Lauget kaffi og kultur torsdag 15 oktober kl 20. Førehandssal www.ticketco.no. Billett kr 200

Programmet er eit samarbeid med Rom for ord, utvikla av Nynorsk kultursentrum.

Vis arrangement →