oyuuibn4a3c-annie-spratt.jpg
 

Lokal kultur, mat og drikke i sentrum av Sandane

 

Lokalt + samarbeid = Lauget

Lauget kaffi og kultur satsar på lokal (og gjerne økologisk) mat og drikke som framhever dei flotte ressursane vi har i nærområdet. Vi samarbeidar med lokale produsentar av både mat, drikke og kultur.

På Lauget kan du nyte ein kopp varm cappuccino og få underhaldning med på kjøpet. Lauget har ei eiga scene, der der unge og lokale artistar får vise seg fram, og ein utstillingsvegg med kunst frå lokale kunstnarar.

Vi har også eit bytebibliotek der du kan levere og byte bøker. Kjøp deg noko godt å ete og drikke, og slapp av i den hyggelege atmosfæra hjå oss.

Ser deg på Lauget!

 

Adresse

Sørstrandsvegen 9

6823 Sandane

Opningstider

Mandag til torsdag: 10:00-18:00

Fredag: 10:00-23:00

Lørdag: 10:00-15:00

Søndag: Stengt

KONTAKT

T: +47 923 40 403

E: kontakt@kaffiogkultur.no

Lauget Pop-Up Isbaren

iskrem.jpg

Denne somaren kan du gå på oppdagingsferd i isdisken til Lauget si somarsatsing – Isbaren. Dette er ein pop-up-butikk som kun vil vere ope i somar. Her tilbyr vi kuleis i eit stort utval smakar, servert i fargerike kjeks og med valfri topping. Kun fantasien og magemålet set grenser!

Med oss på laget til denne satsinga har vi ei rekke lokale sponsorar, og som takk for hjelpa har desse fått kvar sin iskombinasjon oppkalla etter seg. Kva med ein Kandal krønsj eller ein Press-is? Eller kanskje ein Askefæst med lakris-is er meir i di gate? Du er hjarteleg velkomen til å prøve ut desse og fleire kvar virkedag i somar.

Du finn oss på det rosa hjørnet ved Heradsplassen på Sandane!

Åpningstider:

Kvardagar: 11.30-16-30

Laurdag: 11.30-15.00

Sponsorar

For å få dette til har me fått bidrag frå nokre flotte folk og bredrifte lokalt, som ønska det samme som oss, ein fantatisk fin sommar på Sandane!

KAByggLogoBlueCMYK.png
FE-logo.png
ASKE_gatemat_bryggeri.png
 
Sølvane Gard rund logo (1).pdf.png
logo.png
Nordfjord Lodge - staande.png