Tilbake til alle arrangementer

Fotball og fellesskap

  • 9 Sørstrandsvegen Sandane, Vestland, 6823 Norway (kart)

«Utover menneskelege primærbehov er det ingenting eg deler med fleire enn kjærleiken til fotballen» skriv forfattar og journalist Nils Henrik Smith i boka "11 meter – Straffesparkets historie". Fotballen gjev ei kjensle av fellesskap, eit fellesskap som brått vart rive vekk då koronaviruset spreidde seg. Fotballen spelar ei viktig rolle verda over, frå små lokalsamfunn til store byar og nasjonar. Denne kvelden møter vi Nils Henrik Smith og Finn Tokvam i ein samtale om fotball og fellesskap. Vi kjem heller ikkje utanom straffesparka, dei avgjerande augneblinka då fellesskapet vert oppløyst og fotballspelaren står der uendeleg einsam:

Nervepirrande, dramatiske, kontroversielle – straffespark har ein heilt særmerkt plass i fotballfolk sine hjarta. Meir enn tjue år etter at det hendte, kan alle nordmenn stadig hugse kor dei var då Kjetil Rekdal scora på straffe mot Brasil.

I boka « 11 meter - Straffesparkets historie» tek den kritikarroste forfattaren Nils Henrik Smith lesaren med på ei høgst original og forunderleg reise gjennom straffesparkets brokete historie, frå den irske landsbygda på 1800-talet fram til dagens straffekonkurransar og VAR-kontroversar. Her er innsiktsfulle skildringar av legendariske skyttarar og målvakter.

Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2007 for romanen Manhattan Skyline og har vore kåra til ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet. Han er fast skribent i Josimar og har tidlegare skrive om norsk forball for NRK.

Finn Tokvam er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Finn Tokvam har ei særeige evne til å kombinere god journalistikk med humor, noko han gjer i stort monn i radioprogrammet P.I.L.S på NRK. Han har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.

Dei to forfattarane samtalar om fotball og fellesskap på Lauget kaffi og kultur torsdag 15 oktober kl 20. Førehandssal www.ticketco.no. Billett kr 200

Programmet er eit samarbeid med Rom for ord, utvikla av Nynorsk kultursentrum.

Senere arrangement: 22. oktober
Konsert Siv Jacobsen