Back to All Events

Konsert: Egil Olsen

  • Lauget kaffi og kultur AS 9 Sørstrandsvegen Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (map)
44901167_2050125665299259_7662382867661455360_n.jpg

Fredag 9.11. kjem Egil Olsen til scena vår på Lauget! Dette er ein konsert du (og alle venenen) dine absolutt bør få med deg! 

Egil Olsen er ein singer/songwriter utanom det vanlege og vert omtala som “Noe av det fineste og mest underfundige vi har” (VG) og som “En av landets aller beste låtskrivere” (DN). Til hausten feirar han sitt tiande år som soloartist og slepp ei massiv dobbel liveplate, raritetar og mykje anna gøy. I tillegg til sine fem kritikerroste album og hundrevis av konsertar, har Egil Olsen laga sine eigne platecover og musikkvideoar, bidrege med musikk i både filmar, tv og dataspill, radioblogga for p13, covra hip hop låter for P3, hatt kunstutstilling, og si eiga sjølvbiografiske teikneseriestripe i Dagbladet om “det patetiske livet til ei relativt ukjend superstjerne”. Han har til og med fått si eiga tributeplate, der artister som blant andre Thom Hell, Side Brok, Robert Post og Sondre Lerche tolkar songane hans.

Med sine små, men store songar, balanserer han sårheita, varmen og melankolien i musikken, med sin uforutsigbare lune humor og komiske timing på scena. Han har turnert i Noreg, Tyskland, Japan, Kina og USA, og spelt på alt frå store klubbar og festivalar som Rockefeller og Øya, til bittesmå kaféar og hagefester.

Les meir om Egil her: http://www.egilolsen.com, og lytt til låtane hans her: http://www.egilolsen.com/music.htm

Førehandssal av billettar på Lauget eller i døra. 150/75

Earlier Event: November 2
Konsert: Kristian Haugen
Later Event: November 16
Strikk og drikk