Filtrering etter: Kultur

Operapub på Lauget
apr.
29.
7:00 p.m.19:00

Operapub på Lauget

For første gong slår Gloppen og Sunnfjord  sine operastemmer seg saman og inviterer til opera-pub på Lauget. No kan du få sjansen til å nyte noko godt i glaset, samtidig som du kan kose deg med variert operamusikk i uhøgtidlege omgjevnadar.

Frå Gloppen får du høyre  Synnøve Nordvik,  Eivind Kandal og Ann-Margrit Silfverhielm, medan Christine Marøy kjem på besøk frå Sunnfjord. Tonefølget for kvelden vil vere Tone Støylen Holgersson.  Songarane vil framføre både trioar, duettar og solo-ariar frå forskjellige operaer. På menyen står blant anna både Verdi og Puccini.  Du vil nesten garantert dra kjensel på noko av det som blir servert på konserten.

Synnøve Nordvik har vakse opp på Sandane. Ho jobbar no som sangpedagog ved musikklinja på Firda vgs, og har i tillegg ein del oppdrag som frilans musikar. Ho er kjent for sin vakre koleratursopran. Ho vil blant anna fremføre den halsbrekkande koleraturarien “ Glitter and be gay” frå operaen “Candice”,  av Bernstein.    

Eivind Kandal kjem frå Kandalen, der han er kjent for å drive Sølvane Gard saman med sin partnar Torstein Kollevåg. Der arrangerer dei ei rekke fantastiske operakvelder og også andre konserter med både nasjonale og internasjonale stjerner, og gjerne med middagsservering i tillegg. Dette har dei gjort med stor suksess. Eivind er tenor og myke brukt som frilanser både i Norge og i utlandet. Tenorar er ei ettertrakta vare, og vi er heldige som har fått han med. 

Christine Marøy kjem frå Bergen, og jobbar som distriktsmusikar på song i Sunnfjord. I denne jobben har ho utøvande oppdrag i heile Vestland fylke, og er blant anna engasjert i Opera Bergen. Ho underviser på song i Sunnfjord kulturskule. På Lauget vil ho blant annet glede oss med den utruleg vakre “Vissi d´arte” frå operaen Tosca av Puccini. 

Ann-Margrit Silfverhielm er distriktsmusikar på song i Gloppen. Ho har som Christine også utøvande oppdrag i heile fylket samtidig som ho underviser ved Gloppen kulturskule. Gjennom jobben har ho også songelevar på musikklinja på Firda. Ho vil blant anna framføre den nydelege “Rusalkas song til månen” frå Dvorak sin opera “ Rusalka”. Den er kjent for sitt svært melodiøse “refreng”. 

Tone Støylen Holgerson kjem frå Kvamsøy og arbeider som distriktsmusikar på piano i Gloppen. Ho har utøvande oppdrag i heile fylket, blant anna som repetitør for opera Nordfjord. Ho underviser også på Firda vgs og ved Gloppen kulturskule. Vi er glade for at Tone vil være akkompagnatør denne kvelden. 

Velkommen til operapub på Lauget! 


Vis arrangement →
Robert Post
apr.
21.
8:00 p.m.20:00

Robert Post

Robert Post (født Robert Øien Fylling), fra Langevåg på Sunnmøre, debuterte i 2005 med sin selvtitulerte plate som han fikk to Spellemannpriser for. Albumet inneholdt førstesingel «Got None» som gikk helt til topps i Italia samtidig som den gjorde det sterkt på lister i Storbritannia, Frankrike og Norge. Debutalbumet, som ble utgitt av Universal Music UK og produsert av Mike Hedges (The Cure, Manic Street Preachers, Travis), var “Record of the Week” på BBC Radio 2 og Sunday Times Culture skrev dette om platen: «The whole of Post’s debut album glories in tunes many songwriters would kill for…»

Musikken blir beskrevet som sofistikert, stemningsfull og fengende folkrock med særpreg og tidløse melodier, som om man blander Sgt-Pepper era Beatles med Rufus Wainwrights sjarme, litt Bob Dylan og en dæsj Neil Young.

I årene etter debuten har Robert Post spilt både på klubber, festivaler og TV-show i Europa og USA, og etter hvert delt scene med mange kjente navn. I 2009 ble oppfølgeren “Disarm & Let Go” sluppet til gode omtaler i Norge, Rhetoric (2011) viste en mer neddempet og akustisk utgave av sunnmøringen og i 2013 slapp han sin foreløpig siste utgivelse “The Button Moulder” hvor han spiller alle instrumenter selv. I 2022 gir Robert Post ut ny musikk - et dobbeltalbum med hele 21 låter med gitardrevet pop/rock med fullt band og flere gjesteartister. Med en fersk utgivelse i bagasjen kommer han til å gjøre en omfattende turné. Denne kvelden kommer Robert Post i duoformat der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar.

Vis arrangement →
Ølsmaking med Thomas Hovlandsvåg
sep.
24.
8:00 p.m.20:00

Ølsmaking med Thomas Hovlandsvåg

Høve matamåt får vi besøk av Thomas Hovlandsvåg, som tek med seg eit utvalg lokale øltypar.

Det vil bli ein kveld med god drikke, og ein fin moglegheit for å finne nye favorittar.

Pris: 300,- og billettar kan kjøpast via Ticketco og på Lauget, innan 23.59, 22. september

https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/oelsmaking_med_thomas_hovlandsvaag

Vis arrangement →
Vinyl og noko attåt - Klassiske Klassikarar
sep.
3.
8:00 p.m.20:00

Vinyl og noko attåt - Klassiske Klassikarar

Hausten er på veg og det er dags for å trekke i hus for nye rundar med vinyl med noko attåt.

Ola Tarjei og Vegard grev fortsatt i platesamlingane for å kunne gi dykk både god musikk og gode historiar tilknytta låtane.

Sesongstarten byr på "Klassiske Klassikarar".

Kva legg dei i det? Godt spørsmål. Om du kjem kan du finne det ut, men me kan garantere at det kjem noko uventa denne gongen også.

50,-inngong, kjøpast via Ticketco

https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/vinyl_og_noko_attaat__klassiske_klassikarar

Vis arrangement →