Tilbake til alle arrangementer

Operapub på Lauget

  • Lauget Kaffi og Kultur AS Sørstrandsvegen 9 Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (kart)

For første gong slår Gloppen og Sunnfjord  sine operastemmer seg saman og inviterer til opera-pub på Lauget. No kan du få sjansen til å nyte noko godt i glaset, samtidig som du kan kose deg med variert operamusikk i uhøgtidlege omgjevnadar.

Frå Gloppen får du høyre  Synnøve Nordvik,  Eivind Kandal og Ann-Margrit Silfverhielm, medan Christine Marøy kjem på besøk frå Sunnfjord. Tonefølget for kvelden vil vere Tone Støylen Holgersson.  Songarane vil framføre både trioar, duettar og solo-ariar frå forskjellige operaer. På menyen står blant anna både Verdi og Puccini.  Du vil nesten garantert dra kjensel på noko av det som blir servert på konserten.

Synnøve Nordvik har vakse opp på Sandane. Ho jobbar no som sangpedagog ved musikklinja på Firda vgs, og har i tillegg ein del oppdrag som frilans musikar. Ho er kjent for sin vakre koleratursopran. Ho vil blant anna fremføre den halsbrekkande koleraturarien “ Glitter and be gay” frå operaen “Candice”,  av Bernstein.    

Eivind Kandal kjem frå Kandalen, der han er kjent for å drive Sølvane Gard saman med sin partnar Torstein Kollevåg. Der arrangerer dei ei rekke fantastiske operakvelder og også andre konserter med både nasjonale og internasjonale stjerner, og gjerne med middagsservering i tillegg. Dette har dei gjort med stor suksess. Eivind er tenor og myke brukt som frilanser både i Norge og i utlandet. Tenorar er ei ettertrakta vare, og vi er heldige som har fått han med. 

Christine Marøy kjem frå Bergen, og jobbar som distriktsmusikar på song i Sunnfjord. I denne jobben har ho utøvande oppdrag i heile Vestland fylke, og er blant anna engasjert i Opera Bergen. Ho underviser på song i Sunnfjord kulturskule. På Lauget vil ho blant annet glede oss med den utruleg vakre “Vissi d´arte” frå operaen Tosca av Puccini. 

Ann-Margrit Silfverhielm er distriktsmusikar på song i Gloppen. Ho har som Christine også utøvande oppdrag i heile fylket samtidig som ho underviser ved Gloppen kulturskule. Gjennom jobben har ho også songelevar på musikklinja på Firda. Ho vil blant anna framføre den nydelege “Rusalkas song til månen” frå Dvorak sin opera “ Rusalka”. Den er kjent for sitt svært melodiøse “refreng”. 

Tone Støylen Holgerson kjem frå Kvamsøy og arbeider som distriktsmusikar på piano i Gloppen. Ho har utøvande oppdrag i heile fylket, blant anna som repetitør for opera Nordfjord. Ho underviser også på Firda vgs og ved Gloppen kulturskule. Vi er glade for at Tone vil være akkompagnatør denne kvelden. 

Velkommen til operapub på Lauget! 


Tidligere arrangement: 21. april
Robert Post
Senere arrangement: 13. mai
Veldedighetskonsert