Pressemelding

Pressemelding /press release 27.08.24

Lauget kaffi og kultur leiger lokale i Sørstrandsvegen 9 på Sandane, der vi har vore sidan start i mars 2016. Vår noverande leigekontrakt utgår ved nyttår 2024, og vi har lenge vore på leit etter lokaler som kan huse dagens tilbod og nye engasjement som vi ynskjer å starte opp. Etter fleire år med dialogar med partar i sentrum av Sandane med aktuelle lokasjonar, har forhandlingane foreløpig ikkje nådd fram. Vi har til no ikkje lukkast i å få tak i lokaler som passar våre behov og med kostnadar som er på eit bærekraftig nivå.

Lauget har klart seg dei første vanskelege åra som ny kafé, og overlevd ei verdsfemnande krise som tok knekken på mange andre bedrifter. Dei siste par åra har vi også klart å snu økonomien til å vise positive tal.

Men no står vi i ei ny krise. Om vi ikkje lukkast å finne eit passande lokale innan kort tid er det einaste alternativet å legge ned drifta av Lauget. Det vil då bety slutten på ein kafé og kulturarena som betyr mykje for sentrumslivet på Sandane og som har skapt varige minner både for våre tilsette og for kundar frå fjern og nær.

Vi har planer om utvida aktivitet som vil gje nye og spennande tilbod til bygda og tilreisande dersom vi finn eit lokale i tide. Vi trur på at Gloppen treng Lauget. Vi har lyst å eksistere, og vi har lyst til å gjere meir for bygda vår, men vi treng ein stad å vere.

———

English:

Lauget kaffi & kultur has been located at Sørstrandsvegen 9 in Sandane since our founding in March 2016. Our current lease expires at the end of 2024, and we have been searching for a new location that can accommodate our current operations and future growth plans.

After several years of talks with parties in the town center about suitable properties, we have been unable to secure a location that meets our needs at a sustainable cost level.

Lauget has weathered the initial challenges of starting a new café, as well as the global crisis that forced many businesses to close. In the last couple of years, we have managed to turn our finances around and achieve profitability.

However, we now face a new crisis. If we cannot find a suitable new location in the near future, we will have no choice but to close down Lauget. This would mean the end of a café and community hub that has become an important part of life in Sandane, creating lasting memories for our employees and customers from near and far.

We’ve made plans to expand our activities and offerings to the village and visitors, but we need a new venue to make this possible. We believe Gloppen needs Lauget, and we want to continue serving our community. But to do so, we urgently need to secure a new location.