Kjære kunde, her kjem litt nytt frå oss.
Som de kanskje har fått med dykk tidlegare i haust har vi vore på leit etter nytt lokale ei stund.
I skrivande stund jobbar vi framleis med å finne ein ny lokasjon, og håpar på å finne ei løysing om ikkje lenge.
Lauget kaffi og kultur kjem til å ha siste opningsdag i Sørstrandsvegen før jul laurdag 21.desember, før vi skal flytte ut av lokala som vi er i no før nyttår.
Vi har meldt inn oppløysing av dagens selskap, men med ein ny lokasjon vil eit nytt selskap skipast.
Fram til jul er de framleis hjarteleg velkomne til Lauget for god stemning, deilig kaffi og heimebakst 💕