
FjordBlues
FjordBlues er attende på Lauget.
Torsdag : 1IDA og Krissy Matthews
Fredag : Vinyl med noko attåt - blues
Laurdag : Dea Matrona og Steinar Karlsen
Her kan du sjå kva som skjer på scena vår
FjordBlues er attende på Lauget.
Torsdag : 1IDA og Krissy Matthews
Fredag : Vinyl med noko attåt - blues
Laurdag : Dea Matrona og Steinar Karlsen
Som ein del av festivalen Ein ørliten ein, kjem Endre Olsen Trio til Lauget og speler konsert med fri aldersgrense. Med seg i trioen har han Ragnhild Kambo Grov og Roald Kaldestad.
For si fyrste plate på norsk, Bøttevis med blått, klinka han til med terningkast 6 i Bergens Tidende (“Endre Olsen fra Stord har levert en kommende klassiker”) og Dagbladet skreiv svært begeistra. Plata Baklengs tebake kom 3 år seinare, Same år fekk han Olav H: Hauge-stipendet under opninga av poesifestivalen i Ulvik. Det rykast at det er ny musikk på veg ut, men dette er det kanskje best å ta turen til Lauget for å finne ut meir om.
Prisar:
Alle frå vgs-alder og ned: 50,-
Ordinær: 200,-
Fredag 20.September er vi så heldige at vi får besøk av nykåra noregsmeister i kaffismaking -André Brandt! André jobbar til dagleg hjå kaffihuset Solberg og Hansen i Oslo, og vart i mars kåra vinnar av Norwegian Cup Tasters Champion i 2024. André kjem til Lauget under årets Matamål og er klar for å dele sine kaffismake-skills med oss.
For fyrste gong i historia vert det arrangert Pub til pub på Sandane!
Gloppen Hotell, Lauget kaffi og kultur og Nordfjord Aktiv opnar alle samne dørene denne kvelden slik at du kan teste ut alle tilboda på éin og same kveld!
Programmet for kvelden er ikkje heilt spikra endå, men vi planlegg å starte kvelden på hotellet, før vi flyttar festen vidare til Lauget og deretter til Nordfjord Aktiv.
Meir info om tidspunkt og anna kjem, men huk av datoen i kalenderen, og tilkall eventuell barne- og hundepass for kvelden allereie no!
Arrangementet er laga i samarbeid med Gloppen U40, men denne kvelden er alle over 18 år velkomne.
Visit Gloppen er også medarrangør denne kvelden.
Konsert i anledning Glopperock. Meir info kjem.
Lauget har ope til 23.
Konsert med Svelene.
Meir info kjem
Ola Tarjei og Vegard speler plater. Tema kjem.
Ope til kl 23.00, og ope for alle før og etter arrangementet
2.pinsedag, og vi held stengt.
Velkomne innom tysdag!
17.mai held vi stengt
Meir info kjem
Kveldsope på Lauget. Ola Tarjei Kroken speler plater.
Ope til kl 23.00.
cc. 50,-
Kristi himmelfart, og vi held stengt.
Velkomne innom fredag!
Arbeidernes dag, og vi held stengt.
Velkomne attende torsdag
Distriktsmusikarane i Gloppen skal nok ein gang ut på ville vegar, og fredag 26. april blir dei å høyre på Lauget kaffi og kultur.
Bli med på ein musikalsk rundtur til mange ulike land og musikkstilar, og det heile blir presentert med ein stor dose humor og glimt i auget.
Carl-Henrik Buschmann - piano
Henrik Silfverhielm - cello
Otto Ose - fiolin/bass
Thomas Aanonlie - slagverk
Bill. i døra: kr 100
Fredag 12. april inviterer vi U40-kviss på Lauget. Kom einsam eller med vener, vi organiserer laga slik at vi alle blir kjende med nokre nye.
Vi håpar på govêr, slik at vi kan hygge oss på uteserveringa litt først, før vi går inn for ein uhøgtideleg kviss, og det no tradisjonsrike konseptet 3 på 3 der vi blir kjende med bedrifter og organisasjonar i kommunen.
Det er begrensa plassar, så meld deg på i linken: https://docs.google.com/…/1FAIpQLSc6KX7546kgEhRDf…/viewform…
(Lurar du på kva Gloppen U40 er? Vi håpar å være ein sosial møteplass for unge voksne i Gloppen, med mål om fremme aktivitet, trivsel og nettverksbygging.)
Den tidlegare Firdaeleven Steinar Karlsen, kjend frå bl.a. to gonger Spellemannsnominerte Good Time Charlie, kjem til Sandane og Lauget fredag 5. april.
Du får høyre sjølvskrivne komposisjonar med element frå blues, jazz og folkemusikk. Den gode melodien står i sentrum når artisten frå Sunnfjord formidlar instrumentalmusikk.
Karlsen har hausta åtgaum for musikken sin sidan debuten med "Ulydium" i 2011. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar har omtala gitaristen som "assuredly one of the brightest lights in the world of instrumentals".
Ynskjer du å bli meir kjend med Karlsen før konserten, er albumet "Transitt" (2023) ein fin stad å byrje.
Drøym deg vekk til stemningsfull historieforteljing utan ord.
"Uendelig vakkert"
-Øyvind Pharo, Bluesnews
Billettar : Medlem/Ordinær 150,-/200,-
Foto: David Zadig
Torsdag 21. mars kan du oppleve Oddny live på Lauget! Fullt band! Dette vil du ikkje gå glipp av!
Oddny er eit norskspråkleg alternativt rock-fenomen som foreiner det vestlandske underfundige med element frå rock, folk og honningsøt pop. I november i fjor ga bandet ut EP'en "Eg trur at eg må spy/Våte sko". Låta "Oktober, Bergen by" blei A-lista på mellom anna NRK P1, og Popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023. Dei fekk òg Luttprisen 2024 i kategorien "Årets nykommar".
For øvrig er alle medlemmene tidlegare elevar ved Firda VGS!
Konsertstart: 20:00
Dette nye bandet består av 7 elevar frå 1. Musikk på Firda vgs. Frå scena vert det servert frå ein meny beståande av blues og rock++. Dei lovar ein god miks av klassikarar og og nye spanande saker og ein god potpurri av instrument, låtar og medlemmer. Kom og sjekk ut framtida på Lauget!
Dropkick (UK) og Ola spelar Frank på Lauget!
Kveldsope på Lauget med live platesnurring frå scena
Vi stenger kl 17 denne dagen, ingen arrangement :)
Vi stenger kl 17 denne dagen, ingen arrangement :)
Torsdag 14.12 vert det workshop på Lauget med Karina aka the oceanweaver. Klikk her for å lese meir!
Dei to karane Kroken og Hjartholm rundar av haustsesongen og har nye (gamle) låtar og historiar på lager. Tema og nærare info kjem snart!
Det er kveldsope på Sandane og adventstemning på Lauget. Meir info og meir nøyaktig tidspunkt kjem.
Ingen arrangement denne kvelden, so vi stenger difor kl 17!
Dette er allereie i ferd med å bli ein årleg tradisjon: Med Ola Tennes i spissen speler American Girls dei lifligaste Tom Petty-tonar som finns. Fjorårets konsert var eit høgdepunkt, men risikerer nok å bli toppa i år. Kjenn di vitjingstid.
Dei to karane Kroken og Hjartholm med kveld nummer to i haustsesongen og har nye (gamle) låtar og historiar på lager. Tema og nærare info kjem snart!
Kva var vi menneske utan dikt og draum? Songpoeten Helge Johnsen og kontrabassist Ove Mjåtveit har med seg begge deler når dei går på scenen. Saman med gitarist Ivar Bruvik Sætre byr dei på songar merkte av levd liv – «viser for vaksne i alle aldrar», som Helge kallar det.
Songane deira er gjerne lågmælte, melodiske og nedstrippa, framførte med stålstrenggitarar og kontrabass. Dei har melodiar som løfter fram tekstar om livet som alltid er i endring, kjærleikens årstider, det vestlandsblå vemodet og humoren som kastar solskinet sitt ned i sinnets djupe fjordar.
Nokre av songane er slike Helge skreiv og brukte då han var ung visesongar på 1970-talet. Nokre er nye, og andre har tekst han har skrive til andre sine melodiar. I nokre høve har han gjort nyskapingar ved å kople saman dikt og melodiar frå ulike kantar. Storparten av det dei framfører er songar folk ikkje kjenner frå før.
For Helge betyr konserten på Lauget også eit gjensyn med Sandane, der han i si tid var elev ved Firda gymnas og så smått stod fram med visene og poesien sin. No kryssar han gamle fotefar, med viser og tekstar til å lytte til.
BJARK er et moderne jazzrock/fusion-band beståande av studentar ved Rytmisk Institutt på UiA.
Bandet vart forma i 2020, og har sidan jobbet aktivt med å lage eit uttrykk og ein sound som er sitt
eige. BJARK`s musikk kan skildrast som ei blanding av neonordisk jazz, New York-stil, med rocka
sound og melodisk framdrift.
I 2022 spela dei inn sitt detbutalbum «looking the moon» med Bjørn Ole Rasch som produsent.
Foto: Torbjørn Kamfjord Eriksen