Likar du The Byrds, Teenage Fanclub, Tom Petty, eller Wilco? Glad i country pop, power pop eller enkelt og greit poprock? Då må du sjekke ut Dropkick! Det får du mulighet til på Sandane i februar 2024!
Dropkick frå Skottland tek turen for ein eksklusiv og kort norgesturné som inkluderar storbyane Bergen, Sandane og Oslo. Bandet har ein stor katalog album som strekker seg over dei siste 15 år, samt fleire plater med andre prosjekt, som The Boys With the Perpetual Nervousness.
Vanlegvis er bandet ein kvartett, men til Sandane og Norge kjem dei i duoformat for ein nedstrippa konsert med to gitarar og deilige vokalharmoniar.
--------
OLA SPELAR FRANK
- kun på Lauget -
Det er eksepsjonelt stor stas å kunne seie at same februarkveld som Dropkick inntek Lauget, skal Ola også spele. På Lauget skal han gjere noko eksklusivt kun for sandanepublikummet.
20. januar i fjor døydde ein av både underteikna og Ola sine store popheltar. Han var frontfigur i Pogo Pops og Popium. Han hadde ei strålande solokarriere. Han var låtskrivar, vokalist og bandmedlem i The Love Connection og Evig Din For Alltid. Han bidrog på andre band sine låtar, blant anna Audrey Horne sine "Devil's Bell" og "All is Lost" i 2022, sjølv om han var alvorleg sjuk.
Berre 53 år gamal sovna Frank Hammersland inn i heimbyen Bergen etter lang tids sjukdom.
Fredag 16. februar skal Ola spele låtar frå Frank Hammersland si karriere.
Dette vil du ikkje gå glipp av!
Billettar finn du her!