Tilbake til alle arrangementer

Kveldsope på Sandane

3.mai vert det igjen arrangert kveldsope av Butikkgruppa på Sandane og Sandane Skulekorps. 

Alle butikkgruppa sine medlemsbutikkar held ope til 22.

PROGRAM:
17: Salsbod med sveler og
kaffi ved Gloppebua og
vaflar i Øvregata opnar.
Russen stiller med
ansiktsmaling ved Gloppebua.

17.30: Karnevalstog.
Kåring av beste russebil i
karnevalstoget ved ordførar
Leidulf Gloppestad.

20:00 Gloppen Janitsjar og
Sandane Drill spelar i gatene.

LOTTERI
Det vert også i år arrangert det populære gåvelotteriet. Alle som handlar for over 100kr i ein av butikkgruppa sine butikkar får skrive seg på eit lodd til trekninga. Gevinstane er gåver frå butikkane til ein total verdi på omlag 40.000!

Trekning av lotteriet vert halde i Sandane Senter klokka 22.15.
NB! Vinnar må vere til stades for å få premien.

Tidligere arrangement: 25. april
Konsert med Tonje Halbjørhus
Senere arrangement: 25. mai
QuizCup våren 2018 del 3