Fredag 22.03. inviterar vi til strikk og drikk med ein liten vri! Denne gongen vert det garnloppis! Du samlar saman restegarnet ditt og bestemmer sjølv ein pris per nøste, samt korleis du ønsker å ta imot betaling. Lauget stiller med lokale, god stemning og deilig mat og drikke. Hendinga startar 19.00, men det er sjølvsagt lov å kome før eller seinare.