Helga 24., 25., og 26. august er det Sandanedagane! Dette er marknadsdagar på Sandane. Alle butikkane har utvida opningstider og gode tilbod, ute er det salgsboder frå tilreisande handelsmenn og foreiningar, sal av mat i ulike former, loppemarknad, samt kjekke leikar og aktivitetar for vaksne og born. Sjå her for meir informasjon og opningstider for aktivitetane.
På Lauget gjentek vi suksessen frå dei to føregåande åra, og set opp Lillelauget utanfor inngangen vår. Dette er ein liten disk ute, der du mellom anna kan få kjøpt vår populære milkshake! (Hugs å legge ut bilete på SoMe med emneknagg #laugetmilkshake) Inne fyller vi disken med enorme mengder blingsar, bollar, muffins og anna småbakst. God kaffi får du sjølvsagt også. Vi har som vanleg skjenkeløyve på alle nivå både ute og inne. Vi ynskjer gamle og nye kundar hjarteleg velkomne denne helga!