Det er ungdomen som er framtida og dei må òg få vise seg på scena under Gloppen Musikkfest. På denne konserten syng dei songar frå Norden. Dei blir ikkje like mange som på biletet her, og det blir utan symfoniorkester, men vakkert er me sikre på at det blir. Det er veldig kjekt for oss i musikkfesten at musikkelevane ved Firda vgs. vil vere med oss på programmet. Nyt ein time på strålande Lauget med musikk frå nokre av elevane i 3MUA! Gratis er det òg!