Misty Coast er draumepop-barnet til Linn Frøkedal og Richard Myklebust, kjende frå støymeistarane The Megaphonic Thrift.
Etter ti år med forsterkarane skrudd på 11, turnèar med indieheltar som Dinosaur Jr. og Stephen Malkmus, Spellemanpris på hylla, lettare tinnitus og strøjobbar heime for å spe på rockeløna, bestemte Frøkedal og Myklebust seg for å justere oppskrifta og koke i hop eit nytt heksebrygg. Denne gongen skulle ikkje det vakre skjule seg bak eit teppe av støy, men popmelodien skulle få ligge oppå pleddet.
Sidan Misty Coast sitt debutalbum i 2017, har bandet vore på turnèar i Japan, Storbritannia og Europa elles. Dei har spelt ei rekke klubbkonsertar og festivalar i Norge, vore nominert til Spellemannprisen og mottatt strålande kritikkar i inn- og utland. Misty Coast er kjende for sterke gitarhooks, sløye basslinjer og fengande, drøymande vokalmelodiar.
I fjor slapp Misty Coast tre nye enkeltlåtar, Brainchild, The End of the Beginning og The Crossing, som blant anna førte til høg rotasjon på NRK P13. Nytt album kjem til hausten, men før den tid er Misty Coast ute på ein liten duo-turnè for å teste nytt materiale og lufte gamle låtar i nedstrippa versjonar.
Billetar her!
Arrangør: Sindie Conerts