Musikken er fengande og drøymande. Tekstane er nære og vare. Saman med gitarist Mathias Marstrander vil dette bli ei stemningsfull konsertoppleving.
Då Line Dybedal kom med sitt kritikarroste fyrstealbum i 2016 vart det sagt at artisten hadde funne opp ein ny sjanger; elektroviser. Sidan den gong har musikken bevega seg nærare visepop, og har framleis innslag av elektroniske element, men også folkemusikk og sakrale tonar.
Line Dybedal er singer/songwriter frå ytre Nordfjord, og kanskje har du høyrt låtane dei mykje spelte låtane Vinterkveld, La oss vere to eller Stille på P1.
Dybedal kjem ut med sitt tredje soloalbum i april, og vil i konserten “Til havet” presentere den nye musikken frå albumet ARMERIA MARITIMA. Albumet er ein hyllest til bygda, havet og freden som kan finnast der. I desse dagar med fråflytting av bygdene og sentralisering av viktige funksjonar i samfunnet vil dette vere ein del av heiaropet til bygda. I motsetning til dei aller fleste andre artistar, har Line flytta FRÅ byen for å drive med musikk. Heim, tilbake til kystkultur, urørt natur, sjøsprøyt og stilla.
https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/konsert_line_dybedal