Torsdag 22. september , i samband med Matamål, kjem Camilla Aasen frå Vestavin og Vingarden på Jølst til Lauget.
Rips, solbær, plomme og rabarbra. Krekling, honning, blomar og ville vekstar. Vestavin lagar fruktvin av eit mangfald av dei råvarene som veks og trivst i det vestlandske klimaet.Det handlar om å utforske og å spele på styrkene vi har, løfte fram kvalitetane som finst og utnytte ressursane som er tilgjengelege.
Vestavin jobbar med produktutvikling ut frå enkle prinsipp. Kvar råvare må få komme til sin rett, og stille sine spesifikke krav til vinmakinga. Somme tider passar det då å sjå til ulike delar av den vide vinverda, somme tider kan ein hente inspirasjon frå sider, og andre gongar er den beste framgangsmåten å finne i kjellarar der det har vore laga fruktvinar i vel hundre år.
Pris utan fingermat 450,- kr
Pris med fingermat 550kr,-
Billettar: https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/fruktvinsmaking_med_vestavin
(foto: Falkeblikk)