I ung alder vart Beatrice introdusert til store namn innanfor jazz og hiphop. Tungt inspirert av blant anna Robert Glasper, Hiatus Kaiyote, Erykah Badu og Joao Gilberto byrja ho å skrive sine eigne låtar. Med sin varme stemmeklang og elegante tekstar sjokkerar Beatrice stadig vekk publikum, som anar fred og ingen fare. Saman med bandet, beståande av Mikal Høstaker (keys), Antonina Zerbst (kor), Olve Nordheim (bass) og Olaf Gloppen (trommer), har dei laga musikk av ein viss indiekvalitet, fullstappa med feite akkordar og skeive taktartar. Om du har lyst å oppleve seriøst bra samspel, musikk som får deg til å føle deg fresh og søkjer etter frysningar nedover ryggen, kom innom, då vel! Vi sjåast!
Billettar: https://kaffiogkultur.ticketco.events/no/nb/e/bluecatsandgardens
Ordinær: 200,-
Student/ vgs: 100,-