Tilbake til alle arrangementer

FREDAGAR PÅ LAUGET


  • Lauget Kaffi og Kultur AS Sørstrandsvegen 9 Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (kart)

Kjære kunde!

Vi har no hatt nokre gode arrangement på fredagskveldar, og det er no lov å skjenke alkohol til måltid. Diverre har desse arrangementa også vist at det vert for vanskeleg å klare å handheve smittevernsreglementet. 

Difor har vi no tatt avgjerdsla om å utsetje alt av arrangement og bar på fredagskveldar til vi kan skjenke som normalt igjen.

Det er Lauget som står ansvarleg for at smittevernsreglane vert haldne. Oppførselen blant somme av gjestane våre på dei førre arrangementa synte at det diverre vil vere vanskeleg for oss å overhalde reglane, både med tanke på våre tilsette, smittevern og dersom det skulle kome skjenkekontrollør til staden.

Vi gler oss sjølvsagt til alt er tilbake til normalen igjen, til vi kan sitje så tett vi vil og ete og drikke det vi sjølv lystar! Men fram til då vert opningstida på kvardagar 10-18 og laurdagar 10-15.

marissa-rodriguez-p7iBrf9I9iE-unsplash.jpg
Tidligere arrangement: 23. april
Vinyl og noko attåt
Senere arrangement: 3. september
Vinyl og noko attåt - Klassiske Klassikarar