Tilbake til alle arrangementer

Operapub med Operakysten

  • Lauget Kaffi og Kultur AS Sørstrandsvegen 9 Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (kart)

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje, OperaKysten er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen for alvor!

Med støtte frå det lokale næringslivet rullar OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og kjem til eit lokale nær deg! Ein OperaPub-turné er akkurat det både vi og du treng for å lyse opp desse haustdagane i slutten av oktober. Våre artistar er velkjende for dykk allereie - Nora Oleanne Sårheim (sopran), Eivind Kandal (tenor) og Andreas Løken Taklo (klaver) gler seg stort til å syne fram programmet dei har sett saman av utdrag i frå både operette- og operalitteraturen. Kanskje får de også høyre litt av operaen vi set opp i januar 2022?

Når øyre og sjel får påfyll er det alltid på sin plass med påfyll i munn og mage. Lokale leverandørar tilbyr noko matservering på desse konsertane, og du bestiller sjølv det du vil drikke til.

Tidligere arrangement: 22. oktober
Tangokveld
Senere arrangement: 29. oktober
Quiz