Lauget kaffi og kultur opna 18.mars 2016 i sentrum av Sandane.
Staden vart starta og vert driven av to heimflytta gloppesøstre. 

Lauget er ein kaffibar og kafé med god lunsjmat og kaffi. Vi satsar på økologisk og kortreist mat og drikke.
Her får du også lokale opplevingar gjennom opptredenar på scena og utstillingar på kunstnarveggen.

I tillegg til å vere ein vanleg kafé vil vi at lokalet skal kunne nyttast på andre måtar. 
Har du ein idé til eit foredrag eller ei hending som treng ei triveleg ramme?
På scena har vi eit lydanlegg og piano, prosjektor og lerret, så moglegheitane er mange.

Vi tilbyr også utleige av lokalet.


Ta kontakt med oss via e-post med dine innspel og idéar.