Back to All Events

Konsert med sisselmarie

  • Lauget kaffi og kultur 9 Sørstrandsvegen Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (map)

Denne hausten er sisselmarie på turné og tysdag 13.september tar ho turen innom Sandane og Lauget.

Vokalisten og låtskrivaren har gjennom fleire år utforska sitt personlige uttrykk. Musikken hennar er inspirert av kvardagen sine mange oppturar og nedturar, og treff publikum på ein rørande måte. sisselmarie bevegar seg innanfor sjangeren pop-jazz, og er oppteken av å skape lydbileter som skildrar stemningar i naturen og det indre kjenslelivet.

Hausten 2015 ga sisselmarie ut sin debutsingel "Have no fear", som saman med musikkvideo vart motteken med stor begeistring. I haust slepp artisten sin andre singel, “Ved sida di”.

 

Sissel Marie Frøyland, vokal

Runar Netland, trommer

Thomas Nordvik, gitar & trompet

Martin Morland, bass

Sverre undheim, tangenter

 

Billettar: 100kr

Earlier Event: August 12
Sandanedagane 2016
Later Event: September 24
Lillelauget på Matamål 2016