Tilbake til alle arrangementer

Quizserie på Lauget – 2. runde

  • Lauget kaffi og kultur 9 Sørstrandsvegen Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (kart)

Velkomen til andre runde i Lauget sin quizserie! Alle lag er velkomne, uansett om dei har vore med før eller ikkje. Det er plass til åtte lag med maks fem personar pr. lag. Påmeldingsfristen er torsdag 23.03. klokka 16.00. Det er påmelding anten med facebookmelding eller over disken på Lauget.

Laga samlar poeng gjennom våren, og dei beste rundane er teljande i serien. Dermed er det lurt å vere med så ofte som mogleg, men du har uansett sjansen til å kome med i finalen sjølv om ditt lag berre kan stille eit par gongar. Og det er sjølvsagt lov å stille lag og vere med sjølv om ein ikkje har ambisjonar om å nå finalen! 

Dei åtte beste laga gjennom serien går til finalen 17. juni, og dei fem beste laga (utifrå rundene på våren) får med seg 5, 4, 3, 2 og 1 poeng inn i finalen.

Dei øvrige datoane i vår er: 
29.04.
27.05.
17.06. FINALE!

Tidligere arrangement: 18. mars
Lauget fyller eitt år!
Senere arrangement: 8. april
Opningstider i påska 2017