Back to All Events

Plateslepp: Hilde Marie Holsen -Lazuli

  • Lauget kaffi og kultur AS 9 Sørstrandsvegen Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (map)
31919565_1944913025581159_8387949298045681664_n.jpg

Hilde Marie Holsen slepp nytt soloalbum på Hubro 25. mai, og feirar med sleppkonsert på Lauget kaffi og kultur, Sandane, 9. juni. 

Hilde Marie Holsen frå Jølster har med trompet og elektronikk funne sin eigen veg i eit skjæringspunkt mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Gjennom lydprosessering av trompeten skapar Holsen eit elektronisk univers, som ho blandar med ein melankolsk tone frå trompeten. Slik lagar Holsen eit originalt lydlandskap, som kan opplevast både vart, skjørt og skakt, men også kraftig og dynamisk.

Våren 2015 slapp Holsen debutalbumet sitt, Ask, på plateselskapet Hubro, og vekte med dét mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med svært gode kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Sidan den tid har ho spelt mellom anna på festivalane Punkt, Ultima, 12Points (Ir/Es), OsloJazz og Rewire (NL), samt turnert i Europa med konsertar i m.a. Italia, Storbritannia, Luxembourg og Tyskland.

"Hilde Marie Holsen’s ‘Lazuli’ is an almost shockingly complete musical statement. It’s as if an intense dialogue between the processes of composition and improvisation, and the interplay of sound and music, has led to the creation of experimental and often challenging work that nevertheless comes across as absolutely fully-formed; as inevitable, even."

Dørene opnar 18.30, konsertstart 19.00
Inngang: 100,-/50,- (ord/elev)

Fleire konsertar:
24. mai - Kafé Hærverk, Oslo
07. juni - Østre, Bergen

Konserten er støtta av Norsk Komponistforening

Earlier Event: June 8
Lukka arrangement på kvelden