Back to All Events

Konsert: Camilla Hole Trio

**Plateslippkonsert!!!**

I oktober slepp Camilla Hole Trio debutplata si "Halvemål". Dei tek med seg den ferske plata ut på ein vestlandsturné, og kjem «heim» te Gloppen og Lauget på Sandane onsdag 17. oktober

Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer til framtida - den skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tar med seg instrumenta og dei musikalske preferansar sine når dei gjer tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane, som har blitt vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar, og bandet si oppfatning av essensen i musikken, tilfører dei låtane noko ekstra.

Camila Hole trio er, Camilla Hole - Saxofonist frå Breim, Fredrik Luhr Dietrichson - kontrabass, frå Haugesund og Knut Kvifte Nesheim - trommer/vibrafon frå Oslo.

https://www.facebook.com/events/1967641033534810/

42870018_10155591680522301_3456964669120446464_n.jpg
Earlier Event: October 12
Konsert: Vestavill