Back to All Events

Konsert: Vestavill

42059029_1788207071232609_4631984416120373248_n.jpg

OPTISK BEDRAG med duoen Vestavill

Ingvill Holter, sopran
Marita Kjetland Rabben, pianist

Musikk av Trygve Brøske, Dmitri Sjostakovitsj, William Walton og Edvard Grieg.

*****************************************************************

Av og til er ikkje ting slik dei først ser ut til å vera. Og iblant ser me helst det me vil sjå. Fellesnemnaren for songane på plata og i konsertprogrammet "Optisk bedrag" er at dei fortel historier som tilsynelatande ikkje heng på greip.

Konserten byr på eit musikalsk samansurium av fantasi og realisme, russiske kattar som kan snakka, sprengkåte hybelbuarar - historier og musikk som ikkje liknar noko anna. 

Det musikalske spennet er stort:
Grieg/Garborg si «Haugtussa» er kjent og kjær for mange. Synske Veslemøy er dømd til å sjå det dei andre ikkje ser: dei hemmelege kreftene og villskapen i mennesker.
Hovudverket er skrive spesielt til Vestavill av Trygve Brøske, til tekster av den russiske absurdisten Daniil Kharms.

Humor er undervurdert i den klassiske musikken, meiner Vestavill. I "Optisk bedrag" tek duoen humoraspektet på alvor og gjer eit djupdykk inn i den svarte humoren som er så til stades i musikken.

PÅ PROGRAMMET:

Edvard Grieg: Utdrag frå "Haugtussa" op. 67

Trygve Brøske: Utdrag frå "Fem illustrasjoner til hvordan en ny tanke forbløffer et menneske som ikke er forberedt på den" 
Tekster av Daniil Kharms/Thorvald Steen

Willam Walton: Utdrag frå "Three Facade Settings"

Dmitrij Sjostakovitsj: Utdrag frå "5 Satirer"


Som om ikkje det var nok, får du også sjå musikkvideoar designa av Gunnar Fretheim, inspirert av musikken.

Dette vil du ikkje gå glipp av!

Vaksen: 180,-
Student/honnør/barn: 120,-
Musikklinjeelevar: 50,-

VELKOMEN!

Konserten er sponsa av Norsk Kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.

Earlier Event: September 29
Matamål 2018
Later Event: October 17
Konsert: Camilla Hole Trio