Back to All Events

Konsert med Trio Earlybird

  • Lauget kaffi og kultur Sørstrandsvegen Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway (map)

Torsdag 14.juli kl 1700 vert det konsert med Trio Earlybird på Lauget!

Trio Earlybird består av Inger Øvrebø Uberg (sopran), Kristine Rustad (viola da gamba) og Thomas Schoofs Melheim (theorbe), og spelar barokkmusikk på tidsriktige instrument. Trioen meinar at tidsriktig framføringspraksis på kopiar av instrument frå denne tida kan gje musikken ein ekstra dimensjon, og vil derfor gi dagens konsertgjengarar ei unik musikkoppleving. 

Dei vil presentere musikk frå 1600-talets Italia, med vakre viser og popmusikk av komponistar som Barbara Strozzi, Giovanni Girolamo Kapsberger og Claudio Monteverdi. Kom og høyr musikk litt utanom det vanlege, men som allikevel høyres veldig kjent ut! 

Billettar: 200/100

Turnéplan for Trio Earlybird:

10.juli kl.14 – Bergen skolemuseum

12.juli kl.18 – Sogn kunstsenter, Lærdal

13.juli kl.18 – Walaker Hotell, Solvorn

14.juli kl.17 – Lauget kaffi & kultur, Sandane

16.juli kl.18 – Baroniet Rosendal

 

Konsertane er støtta av Fond for utøvende kunstnere og Sogn og Fjordane musikkfond.

 

Vi minner om at det kan vere lurt å kome ekstra tidleg dersom ein vil kjøpe kaffi eller anna i disken. Vi stengjer nemleg salget under konserten for å unngå bråk.

Earlier Event: May 10
Huskonsert med elevar på musikklina
Later Event: August 12
Sandanedagane 2016