Quizserie på Lauget – 4. runde
May
27
7:00 PM19:00

Quizserie på Lauget – 4. runde

Velkomen til fjerde runde i Lauget sin quizserie! Alle lag er velkomne, uansett om dei har vore med før eller ikkje. Det er plass til åtte lag med maks fem personar pr. lag. Påmeldingsfristen er torsdag 25.05. klokka 16.00. Det er påmelding anten med facebookmelding eller over disken på Lauget.

Laga samlar poeng gjennom våren, og dei beste rundane er teljande i serien. Dermed er det lurt å vere med så ofte som mogleg, men du har uansett sjansen til å kome med i finalen sjølv om ditt lag berre kan stille eit par gongar. Og det er sjølvsagt lov å stille lag og vere med sjølv om ein ikkje har ambisjonar om å nå finalen!

Dei åtte beste laga gjennom serien går til finalen 17. juni, og dei fem beste laga (utifrå rundene på våren) får med seg 5, 4, 3, 2 og 1 poeng inn i finalen.

Dei øvrige datoane i vår er:

17.06. FINALE!

View Event →
Quizserie på Lauget – 3. runde
Apr
29
7:00 PM19:00

Quizserie på Lauget – 3. runde

Velkomen til tredje runde i Lauget sin quizserie! Alle lag er velkomne, uansett om dei har vore med før eller ikkje. Det er plass til åtte lag med maks fem personar pr. lag. Påmeldingsfristen er torsdag 27.04. klokka 16.00. Det er påmelding anten med facebookmelding eller over disken på Lauget.

Laga samlar poeng gjennom våren, og dei beste rundane er teljande i serien. Dermed er det lurt å vere med så ofte som mogleg, men du har uansett sjansen til å kome med i finalen sjølv om ditt lag berre kan stille eit par gongar. Og det er sjølvsagt lov å stille lag og vere med sjølv om ein ikkje har ambisjonar om å nå finalen!

Dei åtte beste laga gjennom serien går til finalen 17. juni, og dei fem beste laga (utifrå rundene på våren) får med seg 5, 4, 3, 2 og 1 poeng inn i finalen.

Dei øvrige datoane i vår er:

27.05.

17.06. FINALE!

View Event →
Opningstider i påska 2017
Apr
8
to Apr 17

Opningstider i påska 2017

Opningstidene på Lauget vert litt endra i høve påska.


Vi har ope desse dagane:
Laurdag 08.04: 10-15 og 18-23
Mandag 10.04: 10-18
Tysdag 11.04: 10-18
Onsdag 12.04: 10-15
Skjærtorsdag og langfredag: Stengt
Påskeafta (laurdag 15.04): 10-15
2.påskedag (mandag 17.04): Stengt

View Event →
Quizserie på Lauget – 2. runde
Mar
25
7:00 PM19:00

Quizserie på Lauget – 2. runde

Velkomen til andre runde i Lauget sin quizserie! Alle lag er velkomne, uansett om dei har vore med før eller ikkje. Det er plass til åtte lag med maks fem personar pr. lag. Påmeldingsfristen er torsdag 23.03. klokka 16.00. Det er påmelding anten med facebookmelding eller over disken på Lauget.

Laga samlar poeng gjennom våren, og dei beste rundane er teljande i serien. Dermed er det lurt å vere med så ofte som mogleg, men du har uansett sjansen til å kome med i finalen sjølv om ditt lag berre kan stille eit par gongar. Og det er sjølvsagt lov å stille lag og vere med sjølv om ein ikkje har ambisjonar om å nå finalen! 

Dei åtte beste laga gjennom serien går til finalen 17. juni, og dei fem beste laga (utifrå rundene på våren) får med seg 5, 4, 3, 2 og 1 poeng inn i finalen.

Dei øvrige datoane i vår er: 
29.04.
27.05.
17.06. FINALE!

View Event →
ØLSMAKING PÅ LAUGET
Mar
17
7:00 PM19:00

ØLSMAKING PÅ LAUGET

logo_556x556.png

Lauget fyller eitt år, og vi feirar oss sjølve med å tilby deg kurs i ølsmaking! Brage Waage frå Kinn Bryggeri i Florø tek med seg ein del av utvalet frå Kinn og fortel om historia til øl, historia til Kinn, og sjølvsagt kva du sit med i glaset! Det er 30 plassar tilgjengeleg, og billettar får du kjøpt på Lauget.

PRIS PER PERSON: 350 kr. Prisen inkluderar smaksprøver.

Dørene opnar 18.45, og vi held ope litt i etterkant av kurset for vidare diskusjon og smaking på eiga hand. Det vil sjølvsagt også vere høve til å kjøpe speketallerken og snacks!

Vi treffast på Lauget

View Event →
Lillelauget på Matamål 2016
Sep
24
10:00 AM10:00

Lillelauget på Matamål 2016

Laurdag 24. september er det torgdag på Matamål 2016.

Matamål – matfestivalen i Sogn og Fjordane, er alltid siste helga i september på Sandane. Matamål byr på mangfald, kvalitet og kortreist mat.

Vi lagar til Lillelauget rett utanfor døra vår. Der vil vi selje deilig kaffi og heimelaga mat frå Lauget. Ope frå 10-15. Velkomne!

View Event →
Konsert med sisselmarie
Sep
13
7:00 PM19:00

Konsert med sisselmarie

Denne hausten er sisselmarie på turné og tysdag 13.september tar ho turen innom Sandane og Lauget.

Vokalisten og låtskrivaren har gjennom fleire år utforska sitt personlige uttrykk. Musikken hennar er inspirert av kvardagen sine mange oppturar og nedturar, og treff publikum på ein rørande måte. sisselmarie bevegar seg innanfor sjangeren pop-jazz, og er oppteken av å skape lydbileter som skildrar stemningar i naturen og det indre kjenslelivet.

Hausten 2015 ga sisselmarie ut sin debutsingel "Have no fear", som saman med musikkvideo vart motteken med stor begeistring. I haust slepp artisten sin andre singel, “Ved sida di”.

 

Sissel Marie Frøyland, vokal

Runar Netland, trommer

Thomas Nordvik, gitar & trompet

Martin Morland, bass

Sverre undheim, tangenter

 

Billettar: 100kr

View Event →
Konsert med Trio Earlybird
Jul
14
5:00 PM17:00

Konsert med Trio Earlybird

Torsdag 14.juli kl 1700 vert det konsert med Trio Earlybird på Lauget!

Trio Earlybird består av Inger Øvrebø Uberg (sopran), Kristine Rustad (viola da gamba) og Thomas Schoofs Melheim (theorbe), og spelar barokkmusikk på tidsriktige instrument. Trioen meinar at tidsriktig framføringspraksis på kopiar av instrument frå denne tida kan gje musikken ein ekstra dimensjon, og vil derfor gi dagens konsertgjengarar ei unik musikkoppleving. 

Dei vil presentere musikk frå 1600-talets Italia, med vakre viser og popmusikk av komponistar som Barbara Strozzi, Giovanni Girolamo Kapsberger og Claudio Monteverdi. Kom og høyr musikk litt utanom det vanlege, men som allikevel høyres veldig kjent ut! 

Billettar: 200/100

Turnéplan for Trio Earlybird:

10.juli kl.14 – Bergen skolemuseum

12.juli kl.18 – Sogn kunstsenter, Lærdal

13.juli kl.18 – Walaker Hotell, Solvorn

14.juli kl.17 – Lauget kaffi & kultur, Sandane

16.juli kl.18 – Baroniet Rosendal

 

Konsertane er støtta av Fond for utøvende kunstnere og Sogn og Fjordane musikkfond.

 

Vi minner om at det kan vere lurt å kome ekstra tidleg dersom ein vil kjøpe kaffi eller anna i disken. Vi stengjer nemleg salget under konserten for å unngå bråk.

View Event →
Klesbytedag
Apr
16
10:00 AM10:00

Klesbytedag

Laurdag 16.april er den nasjonale klesbytedagen. Dette må vi sjølvsagt også markere på Lauget.

Ta med deg nokre klede du vil kvitte deg med, og få med deg nokre nye heim att. Kanskje finn du det nye favorittslipset? 

NB! Tidspunktet vil vi kome tilbake med med seinare.

View Event →