Quizserie vår 2017

Vi køyrer i gong ein quizserie i vår! Omlag en gong i månaden rullar vår quismester Hans Græsli quiz.

Laga samlar poeng gjennom våren, og dei beste rundane er teljande i serien. Dermed er det lurt å vere med så ofte som mogleg, men du har uansett sjansen til å kome med i finalen sjølv om ditt lag berre kan stille eit par gongar. Og det er sjølvsagt lov å stille lag og vere med sjølv om ein ikkje har for auge å nå finalen!

Det er plass til åtte lag per runde, med fem personar per lag.

Dei åtte beste laga gjennom serien går til finalen 17. juni, og dei fem beste laga (utifrå rundene på våren) får med seg 5, 4, 3, 2 og 1 poeng inn i finalen.

Påmelding skjer via vår Facebook-side eller i disken her på Lauget.
 

Datoane er som følger:

1. runde - 04.03

2 runde - 25.03

3. runde - 29.04

4. runde - 27.05

Finale - 17.06

Lauget Podcast - Episode 9

Det er no to veker sidan vi opna dørene på Lauget, og endeleg fekk vi laga ein ny episode av podcasten!

Vi pratar om korleis opninga og mottakinga har vore, og til slutt i episoden får du høyre nokre klipp frå eit par av opptredenane vi har hatt på scena vår. Dei du høyrer her er Gjertrud og Maria Eide og til slutt Siri Byrkjedal (som du kan følge på Soundcloud her: https://soundcloud.com/siribyrkjedal).  

Music by: Rsfmu – Blur

Soga om Lauget

Stolte eigarar Charlotte og Marièl bak disken

Planane
 

Sidan i fjor vår har ein organist og ein arkeolog luska rundt med kaféplanar. Det starta med ein draum om å bu på Sandane og drive noko som både vi og bygda ville ha nytte og glede av. Vi har sjølve vakse opp på Sandane, og visste nøyaktig kva som mangla i sentrum.
Sidan den gongen har ting skjedd både her og der. Charlotte flytta heim, og draumen vart endå meir reell. Etter litt oppstartsangst og eksistensielle spørsmål vart avgjerdsla til slutt teke på SMS, og laud omlag slik: C: "Kva trur du, skal vi starte kafé då?" M: "I'm in!"

Byggeperioden
 

Sidan gjekk ting i eitt. Vi fann oss eit lokale, fekk signert kontrakt og starta oppussinga av det som før var kjølerommet på Prix. Vi visste at vi ville nytte mykje gjenbruk i interiøret, så jakta på dei rette møblane og detaljane starta sjøvsagt tidleg. Med ein eittåring på ryggen har vi sprunge mellom bank og rekneskapsførar og kommune i møter, vi har sparkla og måla, slipt og pussa. Familien vår har vore med heile vegen, og det er vi so utruleg takksame for. Hjarte.

Opning


Plutseleg ein fredag før påske var dagen komen. Kaféen stod der, klar til bruk. Malereiskapane var akkurat rydda vekk dagen før. Forkledet og kokkehua skulle takast i bruk for fyrste gong.
Vi var så utruleg spente på korleis glopparane og tilreisande ville ta i mot tilbodet vårt, og rakk eigentleg ikkje å tenke oss ordentleg om før køen stod klar utanfor inngangsdøra 0950.

Mottaking


Kaffimaskina gjekk i eitt frå sekundet vi opna døra, og det har den gjort i to veker no. Vi hadde køar ut gjennom døra heile påska. Vi har hatt opptredenar på scena vår, og vart rørte til tårer av musikken og av å sjå korleis gjestane tok imot tilbodet. Takk for to strålande veker!