Kaffikopp.jpg

LAUGET
KAFFI OG KULTUR

 

Lauget kaffi og kultur er ein kafé i hjartet av bygda, lokalisert ved torget i sentrum av Sandane. Lauget vart starta av to heimflytte gloppe-søstre i 2016, med eit ynskje om å skape ein hyggeleg stad å møtast i sentrum.

Her finn du heimelaga lunsjmat med kvalitetsråvarer, og lokalmat- og drikke er i fokus. Vi har eit utval av kaker og søtsaker som vi lagar sjølv på vårt vesle kjøken. Kreativitet og kvalitet er viktig for oss, og vi er drivne av ein motivasjon for å skape noko hyggeleg for omgjevnadane.

Fredagskveldane har vi ofte eit arrangement på gang. Vi har ei lita scene, der unge og lokale artistar får vise seg fram. Vi har også ein utstillingsvegg med kunst frå lokale kunstnarar, og bytebibliotek der du kan levere og byte bøker.

Vi håpar nettopp du har lyst å ta turen innom Lauget, slappe av og kose deg med noko godt å ete og drikke.

Ser deg på Lauget!

 

Adresse

Sørstrandsvegen 9

6823 Sandane

Opningstider

Mandag - torsdag: 10-17
Fredag: 10-18 (23 ved arrangement)
Laurdag: 11-15

TELEFON

923 40 403

EPOST

kontakt@kaffiogkultur.no
kultur@kaffiogkultur.no


 

MAT OG DRIKKE

 
 

På Lauget

Hjå oss finn du sunn og mettande lunsjmat med noko attåt. Kvar dag har vi eit utval av blingsar, wraps, påsmurte rundstykker, salatar og supper, i tillegg til deilig søtmat.

Espressomaskina er midtpunktet i kaféen. Her lagar vi espressobaserte drikker av høgaste kvalitet. Du får kjøpt kalde drikker til maten, mykje av det er lokalprodusert i vår flotte bygd. Vi har også skjenkeløyve med alle rettigheitar, inne frå klokka 10, på uteområdet frå kl 13.


TA MED-MAT

Skal du på fjellet eller fjorden og vil ha med deg noko godt på turen?
Eller treng møtet de skal ha noko skikkeleg digg lunsjmat?
Vi lagar gjerne lunsjen dykkar!

MØTEMAT
290,- per person

For dykk som skal ha lunsj til møtet/samlinga og vil ha noko ordentleg hjerneføde!
Vi leverar eit stort brett med mettande og gode blingsar, i eit assortert utval. De får to blings på kvar, ei kald drikke og ein fersk kanelsnurr med i prisen.

NB! De må vere minst 5 personar for å bestille møtemat. Færre enn dette leverer vi frå vårt vanlege utval i disken.

NISTEPAKKE
210,- per person

Passar perfekt som tilbehøyr til fjellturen, sykkelturen eller padleturen!
Her får de ein tradisjonell nistepakke pakka i gråpapir, med to sunne og veldig mettande blingsar på speltbrød.

Dei er påsmurt med sunt og godt pålegg, som til dømes ost og skinke, kokt egg og røykelaks frå lokale produsentar, og rikeleg med grønsaker og salat. Kvar nistepakke inneheld ei kald drikke frå ein av våre lokale produsentar, og ein fersk kanelsnurr.

 
 

Niste- og møtematen har desse allergena: Gluten (spelt, kveite, rug, havre), sesam, sennep, mjølk, egg, fisk, sulfitt.

Vi har eige alternativ for dei som treng glutenfritt, med heimelaga glutenfri focaccia (pris glutenfri niste- eller møtemat: 310,- per person).

Bestillingar av nistepakkar og møtemat må vere inne innan kl 12 arbeidsdagen i forvegen. Maten kan hentast på Lauget frå kl 10:30

Bestill på tlf 92340403 eller kontakt@kaffiogkultur.no
Vi kan fakturere, eller de kan betale ved henting.

VI GLER OSS TIL Å TA ARRANGEMENTET DYKKAR TIL NYE HØGDER!